lørdag 11. juli 2009

Barnas Leikeland og litt anna..

Vi vakna til regn og grått vær i går. Så når vi fekk spørsmål om å være med på tur til Spjelkavika på "Barnas Lekeland" var vi ikkje vanskelege å be!
Bilda talar for seg sjølv.. Ungane stooor kosa seg! Medan vi voksne syntest det var noko travelt å henge med!

Det var ikkje så godt å få knipsa bilder med superkameraet mitt.. ungane var så kjappe at vart ikkje så mange blinkskudd som vart med heim.. alle litt halvvegs i farta.



Frank jobbar som eg har skreve før vekk for tida. Han held til I Valldalen, og torsdag var siste dag før ferien! Skal bli så godt å ha han heime leeenge! Men det var ikkje det eg skulle fortelle om no. Saken var det at Valldalen er jo jordbærplassen over jordbærplassar!!
Så sjølvsagt kom han heim med jordbær til oss!
Ei heil kasse med flotte, søte, store bær! Første begeret slurpa vi i oss på null komma niks! ++meir.. Ungane eeeeeelskar jordbær!!
Resten renska eg og rørte jordbærsylte av og dessert.
Vart ikkje så reint lite???
No skal takka fram og svelene steikast.. :)
Ha ein framleis god sommar og god helg! :)




5 kommentarer:

Elisabeth sa...

Hva er dette for noe, ser jo verken Dior eller burberry på dine små;) Neida, jeg er helt enig med kommentaren din på bloggen min. Flott skrevet :) Barn skal få lov til å utfolde seg, leke vilt, herje med både mat og gjørme - og det får de vel neppe lov til i Burberryfrakk og Diortøfler.

Älskade Hjärtegryn ® sa...

Hej såg att du kommenterat i min blogg :) jag tar beställningar på namnmössor och de kostar 100 kr st är du intresserad kan du maila mig på alskadehjartegryn@hotmail.com

Mvh LInda

Randi sa...

Ser ut som ein super dag for deei små, og heilt sikkert noko travel for dei vaksne ja ;) Visste ikkje om den plassen. Får ha på minnet til seinare i ferien :) Ha ei bra veke! :)

Cecilie sa...

Såg ut som leikeland var midt i blinken på ein grå søndag. Spørs om vi ikkje må ta turen dit i løpet av sommaren.

Sylta såg nydeleg ut, og blir sikkert god å ha når hauststormane uler rundt hushjørna

Håper du og dine har ein flott sommar

Annika sa...

mmmm, nydlige jordbær!

Og Barnas Leikeland er nok herlig for dei små, har eg skjønt:)