Og til slutt.. tre generasjonar i "Sirkus Rangsæter"!
Besta meinte at eigentleg burde ho stå nederst etter alder å døme.. Glad dei IKKJE testa ut det.. ;)
Litt om meg og mine.
Og til slutt.. tre generasjonar i "Sirkus Rangsæter"!
Besta meinte at eigentleg burde ho stå nederst etter alder å døme.. Glad dei IKKJE testa ut det.. ;)
Slitne og klar for senga etter mykje krangling, fliring, fjas og eit laaaangt bad! Desse to luringane har det like mykje kjekt ilag og IKKJE kjekt ilag.. Knip og klorar, ler og kosar.. Dei finn nok utav det etterkvart. Kjekke er dei uansett! Alle var i seng til 19.30, og har ikkje høyrt ein lyd til no. Så dette lovar bra!
No skal eg finne senga. Ikkje godt å vete kva tid dei finn ut å starte dagen i morgon tidleg.. ;)
Så har vi blada om til mai på kalenderen. Det er mykje som skjer her i solveigland dagane. Men lite tid til innlegg.. Men måtte berre legge ut denne snutten. Hallvard tar fleire og fleire skritt for kvar dag! Heilt fantastisk å fylgje med på utviklinga! No prøvar han seg heile tida. Strekjer hendene i været og stabbar nokre skritt før han dett.. Så stolt! Har forstått at vi syns det er svært når han gjer det. Berre høyr på oss i bakgrunnen som heiar og hoiar! Besta og tante var her ein tur i går kveld når vi filma denne snutten:
Idag er det faktisk 8 år sidan eg og min kjære fant ut at vi skulle være saman.. Hipp hipp hurra! Så no skal eg få ungane i seng og lage noko godt til kveldskos-mat. Så skal eg stryke bunadskjorter og gjer oss klar til morgondagens konfirmasjon.. Bhaa! (.. til å stryke bunadskjortene altså. Selskapet gler eg meg til!)
Det var det eg hadde tid å legge ut idag. Eg ser her er folk innom å kikar. Teljaren min har passert 10 000!!! Det er så kjekt! Spørs om eg skal svinge i gong ein konkurranse?? Eg sett iallefall pris på å sjå at her er folk, og spesielt koseleg er det når de legg igjen helsingar..
Ha ein fin laurdagskveld!
So long.. :)