søndag 21. mars 2010

No er våren her.. :)

Denne helga starta med at eg vart vekt av ei glovarm lita jente som kom krypande inn under dyna mi natt til lørdag.. Jaja, så var det vår tur, IGJEN!.. Når Hallvard sto opp kom feberen snikande der også.. begge la seg med nesten 40 i feber. Så eg starta å planlegge neste veke, for tenkte at dette tok nok nokre dagar..
Men nei!.. Begge vokna så friske at eg var sikker på at dei kom til å gå på ein smell! Så vi var inne, mala påskeegg og lagga teppe-hytte og kosa oss. Men ungane var verkeleg ikkje sjuke lenger!
Så då tok vi på nokre lag med ull og for ut for å nyte den første dagen som minnar om vår! Så herleg! Frank vaska bil, og alle naboane som var ute gjekk forbi, gjekk med eit stort smil! Sola varma, og snøen minkar i rekord fart! Så det er ikkje rart.. :) Endeleg kunne Adele få ta nye vogna som ho fekk til bursdagen sin, med ut på tur! Hallvard har "arva" den gamle paraplytrilla hennar. Og stas er det.. ;) Ut på tur.. dei la i veg! Drog ut eine etter den andre leika ut av garasja.. Ingen av dei så mykje som såg på akebretta å skia.. ;)


2 kommentarer:

Runhild Hånes Aksnes sa...

No er det godt med vår!!!:) endeleg! vi har også leita fram trehjulsyklar og er ute meir og meir.
Du har pynta med fine påskeegg ja? vi har lyst til å kome å sjå påska dykkar ein dag...

Aksnesgjengen...

Randi sa...

Ja ja, vi får glede oss til våren kjem tilbake no då, og satse på at siste "ridå" ikkje ligg for lenge. herlige bilete, og for ein flott påskedekorasjon!! Feberen haurdes foressten kjent ut... ;) God påske til deg og dine!
Klem