lørdag 2. mai 2009

Mai

Så har vi blada om til mai på kalenderen. Det er mykje som skjer her i solveigland dagane. Men lite tid til innlegg.. Men måtte berre legge ut denne snutten. Hallvard tar fleire og fleire skritt for kvar dag! Heilt fantastisk å fylgje med på utviklinga! No prøvar han seg heile tida. Strekjer hendene i været og stabbar nokre skritt før han dett.. Så stolt! Har forstått at vi syns det er svært når han gjer det. Berre høyr på oss i bakgrunnen som heiar og hoiar! Besta og tante var her ein tur i går kveld når vi filma denne snutten:

video

Idag er det faktisk 8 år sidan eg og min kjære fant ut at vi skulle være saman.. Hipp hipp hurra! Så no skal eg få ungane i seng og lage noko godt til kveldskos-mat. Så skal eg stryke bunadskjorter og gjer oss klar til morgondagens konfirmasjon.. Bhaa! (.. til å stryke bunadskjortene altså. Selskapet gler eg meg til!)

Det var det eg hadde tid å legge ut idag. Eg ser her er folk innom å kikar. Teljaren min har passert 10 000!!! Det er så kjekt! Spørs om eg skal svinge i gong ein konkurranse?? Eg sett iallefall pris på å sjå at her er folk, og spesielt koseleg er det når de legg igjen helsingar..

Ha ein fin laurdagskveld!

So long.. :)

6 kommentarer:

Annika sa...

No går det fort framover med vesleguten ja... Før du veit ordet av det spring han etter jentene:)

Gratulerer med både jubileum på bloggen og i kjærleiken!

Ynskjer dokke ein kjekke kveld vidare:)

Ann Kristin Øverberg Haugen sa...

Kor flink han er !
Tida går så fort at eg synest det er evigheiter sidan mine var sånn...

Gratulerer så mykje med 8-års dagen !!! :)

De er eit flott par som passar perfekt til kvarandre :)
Eg er glad for å kjenne dokke !!!

Klem frå Ann Kristin

Linn Boska sa...

So flink han e:) Ej går bere å venta på at mi si me ska ta sine første steg:)

Å gratulere so mykje me 8-årsdagen so va igår!!:)

Stine sa...

Flotte blogg Solveig! Det e nokken kjempe nydelige onga du he:) *smelt* Mykje kjekke bilde du he lagt ut.

Helsing Stine Stubbmo Fitje.

Elisabeth sa...

Så flink han er! Hvor gammel er han?

SV: Nei, det er et vanlig digital kamera fra Samsung. Kjøpte det på netonnet.no (eller er det .com ?) Kostet 1400,- + at jeg kjøpte minnebrikke på 8gb til 200,- Ikke verst altså!

Monica sa...

For en flotte blogg du he da! Og nydelige unga. Gleda mej te dissa første stabbande stega her også..de e so hærlig!! :) Men foreløpig so nyte ej de at ho ligge på en plass..hehehe...
Klem!