onsdag 6. mai 2009

Vi har vore så heldige å fått besøk av denne kjekkasen her idag:

Er han ikkje herleg?? Kjekke "tante-ungen" min.. Han heiter Johannes og er 3 år. Han og vesle søster, Svanhild, var her nokre timar idag medan søster mi skulle få ordna med litt ymse. Han hadde pakka sekken sin, og skulle overnatte her hos oss for første gong! Det er ikkje berre, berre.. har ikkje fått det til å klaffe før, men idag passa det både for oss og dei.
Kokkane i sving på kjøkkenet. Dei laga nudlar til meg som eg skulle få smake. Og litt "makkaoni-suppe" og vaffler og.. ja dei holdt på ei stund, så var ikkje reint lite dei fekk laga!

Svanhild sola mi.. Snårete og god!

Til middag laga EG, nei laga var å overdrive.. eg kokte spagetti og pølser. Dei åt som om dei ikkje hadde fått mat før! Maaasse mat! ikkje ein spagetti-stråle igjen når dei var ferdige. Fnisa og kosa seg..

Hallvard stappa inn alt han fekk! (som vanleg..)


Slitne og klar for senga etter mykje krangling, fliring, fjas og eit laaaangt bad! Desse to luringane har det like mykje kjekt ilag og IKKJE kjekt ilag.. Knip og klorar, ler og kosar.. Dei finn nok utav det etterkvart. Kjekke er dei uansett! Alle var i seng til 19.30, og har ikkje høyrt ein lyd til no. Så dette lovar bra!

No skal eg finne senga. Ikkje godt å vete kva tid dei finn ut å starte dagen i morgon tidleg.. ;)

1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Så koselig besøk dokke har hatt :)
kjekt for store og små.
Håpa me sjåast fredag. Det er ihvertfall planen å ta en tur i frikyrkja, hvis me held oss friske :) Ha en fin dag i regnværet :)
Klem