lørdag 9. mai 2009

Shopping

Frank er på dugnad i barnehagen idag, så eg og ungane tenkte vi måtte finne på noko kjekt i fineværet. Så så vart det ei lita shopping runde til Ulsteinvik (kanskje ikkje det kjekkaste for ungane, men kjekt for mor i hus iallefall.. og er mor glad, er ungane glade!). Det var Hallvard som trengte seg litt nytt ettersom vi snart reiser til varmare strøk, og han veks og veks, så minkar på alternativ i skuffene.. Det er så freistande å kjøpe nye ting til Adele heile tida. Der er så mykje å velgje i til små jentene, og desto mindre til gutar. Men hadde på førehand bestemt meg for at eg skulle oversjå alt på jente sida.
Desse smikkene/sjala er eg blitt så fan av.. så måtte ha nokre fleire slike. Praktiske og litt kule.. :)Denne herlege sommar-drakta kunne eg ikkje gå ifrå.. Håpar på ein strålande sommar så han får brukt den mykje!! Også litt anna.. Nye strømpebukser i friske mønster og fargar, ny sommarhue (den er tynnare enn den ser ut på bilde..) og små bade/strand sko..
Avslutta dagen med eit cafe-besøk og ein tur på KID. Og når vi skulle heim sovna begge i bilen før vi hadde komt oss ut av sentrum. Så eg fekk handla i ro og fred på KIWI i Volda, medan ungane sov.
Vart ikkje noko til damene i huset idag, men skal nok ta det igjen!
No ringte akkurat ein nabo å inviterte oss på kake, og det seier vi ikkje nei til.. Så må stikke no!


3 kommentarer:

Annika sa...

Sjølv om eg er veldig enig i at det bugnar av flotte ting til jentene, og ein del mindre til gutane, må eg seie du har funne mykje fint til Hallvard i dag!

Var sjølv tenkt meg ein tur til Ulsteinvik i dag, men ligg heime på sofaen med feber i dag...

Håper forresten pakken har nådt fram:)

God helg!

Anna Lisa sa...

Så masse flott du har funnet. Å ja, er enig i at det alltid er mykje meir fint til jentene enn til gutane. Syns det er synd, men sånn er d.
Håpa kakebesøket var kjekt. Kjekt med kjekke naboar :)
Ha fortsatt fin helg
Klem

Camilla Jørgine sa...

Hei, Solveig!

Takk for koseleg kommentar for litt sidan. Har tenkt lenge eg skulle svare tilbake, men så har dagane gått.

Kjekt å lese på bloggen din :) Og så flotte ungar du har!!
God søndag til deg!

:) frå meg