torsdag 21. mai 2009

Reisesjuk!

Ja, no er eg reisesjuk!!!
For dei som ikkje har fått det med seg, så reiser eg og Hallvard i morgon. Først til Oslo, derifrå vidare til Corfu kor vi skal være ei natt, før vi tek båten over til ein liten kosleleg by i Albania der ei venninde av meg har leilighet.
Er nesten ferdig å pakke, står igjen litt toalett-saker og anna småtterier.. har rydda hus, lagt på plass kle.. Vanlegvis når vi skal på ferie ryddar eg og vaskar hus til eg stuper i seng, så eg veit vi kjem heim til eit strøkent hus. Men denne gongen er det litt annaleis sidan Frank skal være heime. Han må jo ha litt å styre med medan eg er vekk??!.. Eller??
Så no sitt eg her og kopar.. Er så spent på flyturen, korleis Hallvard tåler varmen, kva eg har gløymt.. mykje å tenke på. Men aller aller mest så gler eg meg!!! Veeeeldig! Ferie.. slappe av, sol, bading og ingen husmorplikter! Kan det bli bedre? Sjølvsagt kjem eg til å savne dei to som er igjen heime.. men det velgjer eg å tenke minst mulig på.
Så no blir det nok ei lita bloggpause til eg har komt heim igjen om vel ei veke..
No har eg sendt Frank nedover for å kjøpe noko mat medan eg skal betale litt rekningar, så blir det tidleg kveld her i solveig tenkjer eg.. Om eg får sove då.. ;)

3 kommentarer:

Anonym sa...

God tur då Solveig,pass godt på deg sjølv og lissjeHallvard, helsing tante og onkel ned i sentrum.

Annika sa...

God tur!! Tenker det vert ein spennande tur ja:)

Linn Boska sa...

Go tur:) Må kose dokke masse:)