lørdag 12. september 2009

1.års bryllupsdag

Så var vi blitt her og fru... Tenk at det allereie har gått eit år sidan vår store dag??
Eg klarar ikkje la vær å smile når eg ser tilbke på bilda frå dagen.. Det var ein slik flott, fantastisk dag! :)Og vesle Hallvard vår vart døypt.. sjå kor liten han var! Vesle skatten vår.. berre baby! Det føles ut som om det var i går..
Og sjå Adele kor lita ho var.. nesten ikkje hår! Så nydeleg ho var... :)
Eg er så heldig som har deg Frank..
Takk for at du er min!
No og for alltid!!

tirsdag 8. september 2009

Låser bloggen..

Eg har tenkt litt siste månadane.. Kvifor har eg blogg? Kven er det eg bloggar for? Kven er det som les det eg skriv?
Innlegga har komt sjeldnare og sjeldnare..
Etter mykje om og men har eg bestemt meg for å låse bloggen.. Ikkje fordi eg kjem til å skrive noko annaleis, men kanskje litt meir privat og ikkje minst friare! Og sist men ikkje minst for ungane si skuld...
Kjenner eg har slete med skrivesperre grunna spørsmåla eg nevnte.. Så for at eg skal fortsette med å oppdattere bloggen med innlegg frå solveigland, trur eg løysinga er dette.. :)
Tanken bak bloggen var jo akkurat det at eg ville at familie og venner skulle få eit lite innblikk i kvardagen vår, og det har eg lyst til å fortsette med! Så om du har lyst til å følgje oss vidare er det berre å gi meg beskjed, enten under kommentar-feltet, eller skriv ein mail til meg solhanes@hotmail.com
Er ikkje heilt sikker på korleis det fungerar enda.. men har forstått det som om det er veldig enkelt. Einaste er at eg må innvitere dei som vil innom bloggen, så må dei være pålogga (men du treng ikkje ha blogg!)
Men no skal eg legge meg.. Herleg og endeleg fått bestemt meg angåande dette!
Ha ei (stormfull?) god natt!! :)

søndag 30. august 2009

Regn, regn, regn.. :)

Det har våre ein nydeleg søndag! Det har regna i heeeeile dag, utan stopp! Og slike dagar likar eg. Enten kan det være sol, eller snø eller regn... Slike dagar der det skiftar heile tida kan eg ikkje fordra! Men uansett.. Vi kledde på oss og plaska oss ut i dei store søylene! Veldig greit når det er slike regn dagar, då veit ein korleis ein skal kle seg. Som oftast endar eg opp med å kle på og av, skifte til tørre kle, regn kle... Og det kan eg ikkje fordra som sagt... Men idag var det ikkje tvil! Berre å få på seg det som kunne tåle mest muleg vatn.. :)Hallvard spelar ein truddelutt på vatnaren vår.. trengte IKKJE å bruke den på vår ny-sådde plen for å sei det slik... ;)
Hoppe trampoline i regnet er jo berre ekstra kjekt! Sleipt og så blir ein ekstra våt! Hallvard i full konsentrasjon... Etter at vi hadde våre ute og leika ei stund, for eg inn for å hente kameraet.. Men då var Adele blitt lei.. Våt og lei! Så her er blinkskuddet av prinsessa på tur! Skikkeleg sur og grinete.. ho har sine dagar med "primadonna-nykker".. Alt er berre ei stor kriiise!... då er det berre for mor i hus og telle til 10... 1, 2, 3, 4, 5, 6... puuuust!
Men det går som regel fort over! Ho er stort sett svært så fornuftig, snill og blid!
Etter at vi hadde plaska frå oss, sovna begge våre søte små.. :) Så då fekk eg tatt litt forefallande i hus, laga deig og gjort klar til pizzasnurre-baking.. :)
Så fekk vi stappa i oss alt vi makta av dei, tatt kveldsbadet og så var det kveld..
God natt! :)

PS! Tenkte det var på tide med eit godt, gammaldags, solveigland-innlegg.. lenge sidan sist! ;) Og det regnar slik i kveld, at parabolen er ute.. så då fekk eg nokre ekstra data-tid-minutt før eg skal i seng.. ;)

fredag 28. august 2009

Konkurranse!

Folk minner meg stadig på at det er lite liv i Solveigland.. Sjølv om det er lite nye innlegg på bloggen, skal eg love dokke at det ikkje er lite liv her!
Dagane rasar avgårde!!! Ungane stortrives i barnehage, har vore litt småforkjøla, men ikkje meir enn vi hadde regna med.

Eg er på butikken kvar dag no og Frank jobbar vekk i vekene. Så ja... ganske travle dagar her!
Huset ser ikkje ut!!! Men eg gjer det mest naudsynte!

Det er så kjekt å vær på butikken å sjå korleis den tek form!!! :) Men når eg kjem heim, lagar middag og fått ungane i seng er eg ferdig for dagen....
Så derfor lite oppdatteringar her.. og eg kan ikkje love at det kjem til å bli så mykje oftare heller.. Kanskje etterkvart?? :) Er litt ute av "trening" etter vel eit år som heimeværande.. korleis får det tida til å strekke til med alt??


Men iallefall.. eg oppdatterar butikk bloggen med jamne mellomrom. Og akkuratt no har vi ein konkurranse på gong! Vi deler ut gåvekort, verdi 500kr.. :)

Har du lyst å vinne???

Stikk innom bloggen vår og følg instruksane der.. :)


PS! Frank er sjuk.... arg! Magesjuke.. vil ikkje bli smitta!! Finst det gode råd korleis eg kan ungå det??


God helg!!!

mandag 10. august 2009

På tide med ei oppdattering

Vi var så heldige å bli inviterte med på tur denne helga av våre kjekke naboar, Annfrid og Jørn. Og vi var ikkje vanskelege å be!
Vi pakka med oss og reiste til Eiksund, eller rettare sagt ut på Eika. Annfrid har eit gammalt gardsbruk ståande der til disposisjon. Eit koseleg tun med ei gammal løde, vedasjul med ute-do og eit hus. Dei har holdt det ved like, og stelt der så fint! Ho fekk verkeleg vist fram perla si frå si beste side!
Og ungane stor kosa seg der! Dei fant seg til rette med ein gong vi kom inn på tunet!




Tusen takk for ei kjempe koseleg helg! Kjenner eg er litt misunnleg på dei som har tilgong til ei slik perle!

Det har blitt lite oppdattering her på bloggen siste tida. Og eg kan ikkje love at det blir så tett i mellom innlegga framover.. Eg jobbar for fullt på butikken når eg har tid (følg med på butikk bloggen), Frank jobbar vekk i vekene igjen. Så tida strekk ikkje til.
Hallvard byrja med tilvenning i barnehage i forige veke, og det gjekk så mykje bedre enn eg hadde venta! Han fant seg til rette med ein gong! Og Adele er så snill og omtenksom og passar på at veslebroren, eller kompisen min som ho kallar han for tida, har det fint til ei kvar tid. Trygt og godt for Hallvard å ha ei snill storesøster at med seg!
Så idag hadde han sin første fulle dag, og det gjekk så fint.. :)
Ellers skal vi på tur denne helga og! Men utan ungar denne helga. Gru-gler meg.. Har ikkje vore frå ungane ei heil helg før, så det blir spennande. Men skal bli godt med ein kjæreste-tur til Bergen.. :)
Ha ei fin veke!

onsdag 29. juli 2009

Olivia

Her er vesla som har fått navnet Olivia. Adele vår så god og forsiktig med henne. Var så stolt når ho fekk ha Olivia på fanget.
Men det var ikkje berre Adele som var stolt... Eg var minst like stolt! Slik eit lite nurk... Heilt perfekt! :)
Hallvard vesle guten min vart brått så stor attmed dei små nurka.
På nabo rommet fekk vi og låne denne vesle skatten. Birk Magnus. Adele holdt godt fast og han fekk seg ein lang kos.. :)
Skal nok få mykje kjekke stunder ilag desse ungane med åra som kjem.. :)

tirsdag 28. juli 2009

Eg har blitt tante!

Idag klokka 15.18, kom vesle jenta til Per Olav og Janne. 2veker før termin fant ho ut at ho ville ut.
Eg gler meg slik til å bli kjent med vesla, og ikkje minst til å få treffe ho! Har klart å halde meg heime idag, men i morgon SKAL eg ned på visitt!!
Gratulerer så mykje Janne og Per Olav! De har så mykje å gle dokke til.. :) Men det er ikkje berre dei som har blitt foreldre idag. Torstein og Veslemøy fekk prinsen sin, Birk Magnus idag tidleg. Så om vi er heldige i morgon får vi treffe begge dei 2 nye verdens-borgerane! Eg har pakke inn gåver og laga kort, alt klart for besøk i morgon... kjem nok bilder.. ;)

lørdag 25. juli 2009

Her byggjer vi og her skal vi bu

No viser det verkeleg igjen alt arbeidet Frank har hatt i hagen! Plattingen er ferdig(!!!!) og vi har fått rydda og ordna. I går fekk Frank kjørt vekk det verste av stein og rusk og rask og plenen er klar for planering snart :) Eg har byrja å plante litt rundt om kring.. :) Spennande. Har ikkje så mykje erfaring med slikt. Så blir nok litt prøving og flytting av stauder og planet rundt om.. ;)
(Har ikkje tatt bilder siste dagane.. men skal legge ut bilder av vår snart ferdige hage etterkvart..)Mandag, tirsdag og onsdag hadde vi denne stamme karen i arbeid med oss. Oldfar til ungane og Frank sin farfar. Veldig god hjelp! Skikkeleg arbeidskar dette.. :) Styrte på heile dagane, hadde knappt tid til mat-pause.


Frank står på frå morgon til kveld, medan eg ventar på sol og badevær.. synst vi godt kan få nokre dagar med full sommar før ferien til Frank er over. Vær meldingane seier ikkje det.. men det er jo lov å håpe?
Bilda av ungane er frå i går. Nybada og straks klar for senga.
Ellers har vi fått nøkklar til butikken vår! :) Var innom ein snartur ein kveld og fekk målt opp skikkeleg til innreddning og slikt.. og dekte til vindauga. Vi skal oppdattere bloggen vår etterkvart. Har lagt ut link til den oppe på sida mi her. Berre trykk på biletet av den svarte smokken med elefant på, så finn du den der.. :)
Ha ei god helg, og framleis god ferie for dei som har det!

søndag 19. juli 2009

Hagen

Frank har hatt ei veke ferie, men ferie for han betyr ikkje at han skal ligge på lat-sida. Han har jobba stort sett kvar dag frå morgon til kveld. Og det gir resultat!
Dette bildet er frå før han byrja på ferie, 2 veker sidan tenkjer eg.
Dette er frå mandag eller tirsdag trur eg. Buda er ferdig støypt, muren på sida er ferdig og trappa er komt opp! Flinke Franken min.. ;) I tilleg har Torstein våre super duper og lempa på betong-sekkar og støypt til han har stupt her... Tuuuusen takk snille Torstein!! Men han har og to andre gode hjelparar. Adele og Hallvard kjempar om makta over spakane når maskina står stilt, og om å få sitte på fang når han jobbar. Desse bilda tok eg før idag. Svigerfar var her og jobba i heile dag.. :) Golvet i buda er støypt, og som de ser har han fått fylt opp bak murarne og det byrjar å sjå ut som ein hage. Etter at eg knipsa desse bilda har han fått avretta pg fått lagt på singel så det er klart for skruing av platting i morgon! Hurra hurra.. :) I tilleg skal dei nydelege ormegrasa i naboen sin mur kverkast! Nokon som kan gi meg eit godt tips der??? Også skal eg på slang etter stauder.. Pass opp folkens! Startar med nokre bed på Rovde der eg har sett meg ut forsjellig.. så får eg spekulere vidare! ;) Då skal eg avslutte med eit bilde av Adele sin herlege natta-sveis.. ;)
God natt!

onsdag 15. juli 2009

På Rovde

Vi er på Rovde ja... og vi målar hus!
Eller gjorde det i går iallefall. Hanne Marta dingla i stien, Adele "helpte til" på andre trinnet, medan eg regjerte over lifta! :)



Ikkje nokon som slår meg når det gjeld grising når ein målar... Ops! ;)
Forstår ikkje korleis eg får det til!?






mandag 13. juli 2009

Butikk bloggen

No har vi fått blogg opp å gå til butikken vår... :)

Vi tek over lokalet 1.august, og det er ikkje lenge til gitt!! Så vi jobbar for fullt med bestilling av varer og 1000 andre ting som må ordnast før åpninga av butikken! Ikkje reint lite som må ordnast..

Men det er veldig spennande! Skal prøve å få oppdattert bloggen etterkvart framover.. for no brakar det straks laust!!

Trykk her for å kome til hurlumheibutikk.blogspot.com

lørdag 11. juli 2009

Barnas Leikeland og litt anna..

Vi vakna til regn og grått vær i går. Så når vi fekk spørsmål om å være med på tur til Spjelkavika på "Barnas Lekeland" var vi ikkje vanskelege å be!
Bilda talar for seg sjølv.. Ungane stooor kosa seg! Medan vi voksne syntest det var noko travelt å henge med!

Det var ikkje så godt å få knipsa bilder med superkameraet mitt.. ungane var så kjappe at vart ikkje så mange blinkskudd som vart med heim.. alle litt halvvegs i farta.



Frank jobbar som eg har skreve før vekk for tida. Han held til I Valldalen, og torsdag var siste dag før ferien! Skal bli så godt å ha han heime leeenge! Men det var ikkje det eg skulle fortelle om no. Saken var det at Valldalen er jo jordbærplassen over jordbærplassar!!
Så sjølvsagt kom han heim med jordbær til oss!
Ei heil kasse med flotte, søte, store bær! Første begeret slurpa vi i oss på null komma niks! ++meir.. Ungane eeeeeelskar jordbær!!
Resten renska eg og rørte jordbærsylte av og dessert.
Vart ikkje så reint lite???
No skal takka fram og svelene steikast.. :)
Ha ein framleis god sommar og god helg! :)