tirsdag 8. september 2009

Låser bloggen..

Eg har tenkt litt siste månadane.. Kvifor har eg blogg? Kven er det eg bloggar for? Kven er det som les det eg skriv?
Innlegga har komt sjeldnare og sjeldnare..
Etter mykje om og men har eg bestemt meg for å låse bloggen.. Ikkje fordi eg kjem til å skrive noko annaleis, men kanskje litt meir privat og ikkje minst friare! Og sist men ikkje minst for ungane si skuld...
Kjenner eg har slete med skrivesperre grunna spørsmåla eg nevnte.. Så for at eg skal fortsette med å oppdattere bloggen med innlegg frå solveigland, trur eg løysinga er dette.. :)
Tanken bak bloggen var jo akkurat det at eg ville at familie og venner skulle få eit lite innblikk i kvardagen vår, og det har eg lyst til å fortsette med! Så om du har lyst til å følgje oss vidare er det berre å gi meg beskjed, enten under kommentar-feltet, eller skriv ein mail til meg solhanes@hotmail.com
Er ikkje heilt sikker på korleis det fungerar enda.. men har forstått det som om det er veldig enkelt. Einaste er at eg må innvitere dei som vil innom bloggen, så må dei være pålogga (men du treng ikkje ha blogg!)
Men no skal eg legge meg.. Herleg og endeleg fått bestemt meg angåande dette!
Ha ei (stormfull?) god natt!! :)

6 kommentarer:

Annika sa...

Masse lukke til med innspurten i dag. Om eg får tid, kjem eg innom i mrg:)

Blir veldig glad om eg kan få fortsette å lese bloggen din. Du må legge til mailadressa mi når du inviterer då, den er annika.brandal@gmail.com.

Forstår egentlig godt du vil låse den... Eg har faktisk fleire låste bloggar ;) Ein for vennegjengen, og ein med systra mi, ungane og pappa:)

Randi sa...

Heisan! Syns du gjer eit klokt valg ;) Eg blir glad om eg fortsatt får kikke innom bloggen, og stor stas for Sofia å sjå bilder av Adele og Hallvard av og til, så om du vil invitere send ein mail rkrovel@hotmail.com

Ser deg på butikken i morga, eg er spent, masse lukke til! :)

Anonym sa...

Heia:)Prøvde å sende dej ein mail,men maskina mi ekje heilt god i dag,så ej vekje om ho gjekk ut.
Ej skjønnar dej godt,men hadde synst det var kjekt å fylle med dokke vidare,e so artigt å sjå utviklinga til Adele som e so nær i alder med Magnus.Men ditte e sjølvsagt heilt opp til dej,og ej blir ikkje fornærma!Ellers må ej få ynskje dokke masse lykke til i morgå:)det blir sikkert kjempe kjekt:)!Klem frå Gunnhild:)

volvovolvo sa...

hei Solveig.. eg heiter Frank Erik og er gift med deg.. det er kjekt å være her å sjå ungane mine og deg når eg jobbar vekke.. kan eg få lov å fylgje med på solveigland i framtida?? mvh. Frank Erik rangsæter;) PS: EJ ELSKA DEJ

Tante-Oddrun sa...

Tante/grandtante på Kjelsås vil også gjerne få fylgje med :)

Sigrid sa...

Tusen takk for synet av ein flott butikk idag!! Dit kjem vi garantert kvar gong vi er heime og i Volda. :) Vil gjerne fylgje med på bloggen din. Mail-adressa mi er sigrid.knardal@telia.com Du gjer heilt rett i å låse den. Kanskje skal vurdere det med min også i framtida. No er det mest hussnakk i den :) Klem!