søndag 27. september 2009

Annleggs-messe i Loen

Igår pakka vi med oss regnklede og for til Loen ein tur. Den årlege annleggsmessa sto for tur, og Frank vart glad (og overraska..?) for at vi ville være med alle mann! Ungane var så klart fullt opptatt heile dagen med å få testa alle dei ulike maskinene... Trur dei hadde det kjempe kjekt!! Ville ikkje fare heim iallefall!

Ungane vart nedelest av capsar, pennar, t-skjorter, godis og sist men ikkje minst vaffler. På denne standen vart dei sittande ei stund! ;) Vel og merke var det CAT sin stand.. ;)

Ellers har det vore ei regnfull fredeleg helg!
Godt med slike helgar!
Hallvard byrja i begynnelsen av veka på astma-medisin. Han har alltid vore tett, men når han blir forkjøla sitt det så langt nede og han blir aldri helt bra!
Våknar mange gongar om natta.. men no ser det ut som han blir godt hjelpt! Han er så mykje lettare enn han har vore på lenge!
Håpar det er noko han veks av seg med åra.. :)

No skal eg få bresa litt hjortebiff!
Ha ein fin søndag!

Ingen kommentarer: