onsdag 17. juni 2009

Litt nytt..

Det har ikkje blitt så mykje blogging på meg i det siste. Og det av fleire grunnar... Har tatt lite bilder i det siste, har holdt på å lage fototalbum, Hallvard haaaaaatar at eg sitt med dataen, lite data tid eigentleg.. Men hovudgrunnen er at når eg sitt med dataen er det andre ting eg jobbar med for tida.
Eg har faktisk ikkje skreve om det her på bloggen min før, og det ganske bevist... vil at bloggen skal handle om "meg og mine", men om eg først byrjar å skrive om det eg har valgt å ikkje skrive om, klarar eg ikkje å slutte.. for det er i tankane stort sett heeeilie døgnet. Og då hadde ikkje bloggen min vore solveigland lenger.


Uansett.. no skal eg alikevel skrive litt om det.
For ei stund tilbake skreiv eg i eit innlegg at eg hadde sagt opp jobben min og hadde store planar. På det stadiet var det meste ganske usikkert. Men no etter mange månadar meg mykje jobbing er vi snart i mål.
Eg skal starte butikk!! Ny butikk!! Eller... ikkje berre eg, vi er to om dette. Utruleg greit å være to når viktige besluttningar skal takast og vanskelege valg skal takast, og ikkje minst å ha forskellige erfaringar.
Vi skal selge barnekle, utstyr og leiker her i Volda. Vil du vite meir om butikken vår og framdrifta, har vi ein blogg på gong der du kan få eit lite innblikk i prosessen.. :) Speeeennande! Så følg med folkens! Det blir så bra!! :) Skal legge ut link etterkvart som vi har den oppe og går..


Så ei lita oppdattering.. Adele er super flink truse jente!! Det var nesten for enkelt!? Ho bestemte seg sjølv, ordnar alt sjølv.. det har ikkje vpre pes i det heile tatt! No er ho 100% bleiefri!! Både dag og natt.. Flinkisen min!
Hallvard har blitt ein reser å gå no.. eller gå??? Han spring! Veit ikkje kor mange gongar han har komt springande bak meg og eg er sikker på at det er Adele som er der etter lyden av stega.. men neida, der er han! ;) Men han er max uheldig.. tøff som toget! Og då endar det med mange blåkular og kutt i panna.. stakkaren.. men men, han lærer vel av det!?

No skal eg slutte.. Må berre få avslutte med å sei at vi var på ein koseleg sommarfest i barnehagen i kveld! Grilling, kaker og leik.. kjekt! :)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Supert med ein slik butikk! Gratulerer!!! Gleder meg til å shoppe der :)

Anita sa...

Hei.
For ein god idè. Eg bur sjølv i Volda, og det er mykje ein saknar til dei små.

Koselig blogg du har. Ha ein fortsatt fin dag!

Anita Kristin

Anonym sa...

Heia:)Kor kjempe spennande framtidsplanar:)!Gler mej til å få sjå:)
Ellers må ei no seie att du har bra flinke onga!Ein bleiefri og to springande:)Ej he ein som har blitt veldig flink til å seie ifrå att han skal bommelomme,og vill på potte,så ej he eit lite håp om att han sluttar i sommar,men det gjenstår å sjå;)Ha ei flotte helg:)Klem frå Gunnhild:)

Eli sa...

hjelpes...får stadig en følelse av at det vi driver med er veeeeldig seriøst...e ej seriøs nok til å drive me sånt??? Litt skjelven :) hehe...men det e no gøy!! ;)
Kjempe gla for at du blei med...mykje lettare å være to :)