mandag 22. juni 2009

Ting skjer i Hagen 6

Eg tok med meg ungane og for til Rovde fredag og laurdag, og når vi kom heim hadde det sjedd litt her i solveigland. Frank var på lagerutsalg og kjøpte ny dør! Hurra hurra!!! Har lenge grua meg til å starte på nedpussing og maling av den lite fine døra som vi hadde frå før. Men no slapp eg altså det! Syns heile huset såg mange år yngre ut faktisk! Ikkje så mykje som skal til.Ellers ser det ut som eit annleggsområde rundt huset med oss. Frank har jobba som ein helt heile helga og fått gjort mykje. So no byrjar det å ta form her. Endeleg! Trur ikkje eg har hatt grøn plen ein heil sommar på dei fem sommrane vi har budd her. Frank har heile tida nye prosjekt og utbedringar på gong. Men no har han lova meg at dette blir siste gong det skal maskiner inn i hagen! Bank i bordet!

Her er den etterlengta buda mi. Får vel aldri nok lagringsplass?? Så dette blir nok flittig brukt! :) Ellers blir her god plass til både platting og trampolina . Viser ikkje så godt på bilda, men det var så surt å kaldt ute no at eg berre knipsa nokre bilder, så det blir dette eg får vist fram i denne omgong. Kjem nok meir etterkvart.
Inn blant stein, sand, murstein og rot står ein og anna blome å gler seg til sola og varmen som er bestilt til helga.. Ja, forresten eg og!

3 kommentarer:

Kristine sa...

Ser det skjer masse ting opp med dokke;) Va opp med ne "tante" Solveig (gamle tanta mi) en dag å hjelpte ne med saker og ting. Då ej gjekk forbi såg ej dokke va i full gang oppi hagen. Det blir jo kjempe fint da. Dokke e jammen mej flinke;) Virka som du he en flinke mann som står på!

Anna Lisa sa...

Kjempe fin dør du har fått
Syns det blei veldig fint.
blir nok godt å få i orden hagen :)
Va kjekt å sjå dokke på fredag. Ha en god sommar. Nå reis vi om nokre dagar :)
Klem

Solveig sa...

Ja, heile tida prosjekt på gong her med oss.. Men er jo vi som velgjer det sjølve så.. Og ja, eg har ein veldig flinke og arbeidsomme mann! :)