søndag 9. november 2008

Frank 24 år på farsdag!

Hipp hipp hurra for gode, snille, super pappen vår og kjærasten min som vart 24 år idag! :) Adele hadde laga eit super flott kort til han i barnehagen som ho overraska han med. Det var stas! ;)

Ellers starta dagen (obligatorisk) med at eg stod opp med ungane og laga frukost, som Frank skulle få på senga. Adele var som vanlig min dyktige assistent på kjøkkenet og kryddra eggerøra (eller, rettare sagt mista krydderbøssa opp i røra) så den knapt nok var etande.. ;) Og ho hjelpte meg å lage kort frå Hallvard og paprika-hjerte.. :)

Oj! Dette har ikkje vi gjort før.. Spennande! (sitat Adele..). Trøtte Frank då stakkar.. Fekk ikkje sove så alt for lenge, for vi hadde nemmeleg fleire planar for dagen.

Frank fekk seg klokke! Godt nøgd med den trur eg. :) Eg tykkjer den var kul iallefall (ikkje så rart sidan det var eg som hadde plukka den ut.


Så når Frank hadde fått i seg frukosten. Heiv vi oss i bilen. Eg hadde bestillt bord på Hotell Alexandra i Loen! Her ser de dei to luringa kor dei kosa seg under middagen.. :) God klumpane mine! :) Maten var HIMMELSK!! (om nokon tvilte på det..)


Vi kosa oss også masse.. Hallvard byrjar å bli interesert i kva det er vi stappar i munnen, og vil også smake... Må nok vente nokon månadar til lille venn! ;)


Adele i bassenget etter middagen. Om ho kosa seg?? JA!! Ho eeeeeelskar vatn og alt som har med vatn å gjer! :) For henne var det så stas med alle dusjane i garderoba, så måtte lure henne med meg ut og vise ho at der var mykje som var meir spennade enn dusjane.. ;)

Hallvard koste seg også! :) Var ikkje ein lyd i han utanom små higst når han flira. Han holdt ut nesten to timar i bassenget han og! Imponerande.. trur han vil sove godt i natt ja. :)


Har hatt en kjempe kjekk og koseleg dag! GRATULERER MED DAGEN FRANK!!! Elskar deg.. du er så god.. ;) Håpar du koste deg like mykje som oss.. ;)









1 kommentar:

Sigrun sa...

sitte her me tåre i auene, gravide å hormonelle mej:-) hehe... ditta må nå vær den besten dagen en kan ønske sej!!! Sikker på DEN ikkje blir glømt nåken sinne... Ps... va ei velkjent framside på korte;) hihi