Ja, no er vesle guten min eit år!! Tida flyg..
Både Hallvard og Adele har vore litt småsjuke siste dagane. Høg feber og slappe. Så vi roa heilt ned og utsette selskapet på fredag. Det vart ein kjempe kos dag. Berre oss.. :) Bada og kosa oss her heime.
Jubilanten sjølv var feberfri medan Adele hadde fortsatt feber, men vi kunne ikkje la dei gå glipp av den nydelege sommardagen. Så det vart mykje is og leik. Her testar dei ut lastebilen som han fekk av Adele.
Idag inviterte vi venner på fest! Ikkje alle kunne komme, men det vart liv i heimen med dei som kom!
Litt kaker må til... ;)
Her er Hallvard ilag med ei av dei 5 prinsessene han hadde i selskapet sitt.
Dei bada og plaska. Første mann ut i bassenget, hoppa opp i med finkjolen og skoa på, medan vi song bursdagsong til prinsen.
Imorgon fortsett festen med tanter, onklar, besteforeldre, oldeforeldre og søskenbarn. Det gler vi oss til!
Gratulere så mykje med 1års dagen lisje venn.. Vi er så utruleg stolte av deg, og inderleg glade i deg!!!
Du er så snill, blid og god. Heilt perfekt!
God klem til deg "knoske-roske-doske" våra.. :)