lørdag 25. juli 2009

Her byggjer vi og her skal vi bu

No viser det verkeleg igjen alt arbeidet Frank har hatt i hagen! Plattingen er ferdig(!!!!) og vi har fått rydda og ordna. I går fekk Frank kjørt vekk det verste av stein og rusk og rask og plenen er klar for planering snart :) Eg har byrja å plante litt rundt om kring.. :) Spennande. Har ikkje så mykje erfaring med slikt. Så blir nok litt prøving og flytting av stauder og planet rundt om.. ;)
(Har ikkje tatt bilder siste dagane.. men skal legge ut bilder av vår snart ferdige hage etterkvart..)Mandag, tirsdag og onsdag hadde vi denne stamme karen i arbeid med oss. Oldfar til ungane og Frank sin farfar. Veldig god hjelp! Skikkeleg arbeidskar dette.. :) Styrte på heile dagane, hadde knappt tid til mat-pause.


Frank står på frå morgon til kveld, medan eg ventar på sol og badevær.. synst vi godt kan få nokre dagar med full sommar før ferien til Frank er over. Vær meldingane seier ikkje det.. men det er jo lov å håpe?
Bilda av ungane er frå i går. Nybada og straks klar for senga.
Ellers har vi fått nøkklar til butikken vår! :) Var innom ein snartur ein kveld og fekk målt opp skikkeleg til innreddning og slikt.. og dekte til vindauga. Vi skal oppdattere bloggen vår etterkvart. Har lagt ut link til den oppe på sida mi her. Berre trykk på biletet av den svarte smokken med elefant på, så finn du den der.. :)
Ha ei god helg, og framleis god ferie for dei som har det!

1 kommentar:

Hanne Marta sa...

So fint det blir.
Spent på bilde av ferdig hage no altså :)
No e ej tilbake i Bergen. Hatt en kjekke ferie, men ikkje heilt klar for å gå på jobb igjen i morga.. jaja..