tirsdag 2. juni 2009

Albania

No er vi vel heime igjen. Kom igjen laurdag ettermiddag, men ettersom det var full sommar her i Volda, vart ikkje datatid prioritert.
Var ikkje lenge varmen skulle vare. No haglar det og regnet piskar på rute. Gradestokken viser 10 grader..!? Brr...
Men vi har iallefall hatt mykje sol og varme i Albania medan vi var der! Hadde ei fantastisk veke tross at ungane fekk ei magesjuke. Her er vi på Corfu. Overnatta der ei natt, ettersom der ikkje er flyplass i Albania (!?), og båten som vi skulle ta over ikkje gjekk så seint på kvelden. Men det gjekk heilt greit. Den vesle jenta til venninda mi byrja å spy allerede på Gardermoen. Så her har ho godt med feber og ganske groggy etter ei natt i ca 50 grader.. Men Hallvard er på topp. Skulle IKKJE sove på flyet, var fullt opptatt med å sjarmere do-køa. Men han sovna på fanget på bussen til hotellet i 11 tida.Veka raste fort når vi var komt til Albania. Det gjekk i bading, pizza, bleieskift, klesvask, turar til sentrum der vi fekk shoppa, soving, pizza igjen! (dei hadde fantastisk god pizza der, og den kosta heile kroner 3,50.. ja i norske kroner altså!). Og elllers mykje god venninde prat.. Ungane fant kvarandre med ein gong, koste seg skikkeleg sjølv om dei var litt pjuskne. Det var strålande sol heile veka, og temp låg rundt 27 grader.. Akkuratt passeleg! Her er noko av utsikta frå terrasen. På siste bildet er det Corfu ein ser. Panorama utsikt utover havet og stranda.. Nydeleg! Leiligheta var 1.klasses! Det var redninga ettersom ungane var sjuke. Skulle vi budd på eit lite hotellrom hadde ferien lett blitt ein fjasko.. Men nei, det vart den ikkje! Så herleg å berre kunne ta heisa ned og tasse seg rundt blokka så var ein på stranda.Hallvard storkosa seg på stranda. Jus, is og alt anna eg klarte å få i han av veske fekk han. Første dagane slurpa han i seg alt han fekk. Men etterkvart som magesjuka sneik seg innpå han, var det ikkje noko eg klarte å lure i han siste dagane. Matlysta ver heilt på botn.. Men han var alikevel stortsett blid og fornøgd. Sov mykje dagane. Når veka nærma seg slutten var savnet stort etter god jenta mi heime og Frank. Dei møtte oss på flyplassen og eg fekk den lengste, hardaste, godaste klemmen som tenkast kan av Adele... Ååå.. det var så godt! Godt og ha vore savna og godt og savne..
Heime var huset gullande reint og ryddig. Og Frank hadde til og med fått beisa terrassen! Der overraska han meg og valgte ein lekker grå-farge faktisk. Ikkje heilt tradisjonel. Men eg likte den veldig godt! Flinke Frank.. ;)
Eg syntest Adele hadde blitt så stor medan eg hadde vore vekk. Ikkje nok med det, ho kasta likså godt bleia når eg kom heim. Var ikkje heilt klar for det. Så måtte leite fram det eg hadde av kjole-truser.. Så idag er ho altså på dag 4 utan bleie!! Og det utan nokon uhell så langt! Flink??
Har vore på butikken og kjøpt ein haug med truser idag, så no er vi heilt klar!
Spent på fortsettelsen der!
No skal eg slutte og slenge meg på sofaen og sjå TV resten av kvelden..
KLEM

4 kommentarer:

Kristine sa...

Kor ett kjempe fint innlegg;) Ser ut som dokke he vore på en kjempe flott tur. Hallvard he jo blitt den stor sjarmøren! Kjempe fine liten gut dokke he;)
Borte bra, men heime best e det vell nåke som heite;)? Godt å få ting på avstand, då blir det so mykje bedre å komme heim til alle sammen;)

Anonym sa...

Synet av dei små, brune og lubne barnehendene til Hallvard fekk meg til å lengte enno meir til sommaren er her for fullt!! :D
RS

Anonym sa...

Flotte bilder og flinke barn:)!Kjekt dokke klarte å ha ein fin tur til tross att ungane var litt shabby.Gratulerer så masse med dagen i dag:)Håper du har hatt ei fin feiring:)Klem frå Gunnhild:)!

Anna Lisa sa...

Å så flott tur dokke hadde. Sikkelig kosetur. Bare så dumt med sjuke barn. Stakkarane.
Nydelige bilder av utsikta.
Flott og flink jente som har slutta med bleie. Kjekt!!
Ha en fin dag, vi kansje sjåast snart.
Klem