onsdag 25. mars 2009

GRØNT!

Hei! Ser her er folk innom men ingen helsingar.. jaja.. Ei oppdatering er vel på sin plass uansett. Etter ei fantastisk kjekk helg i Bergen med mykje shopping og kos, er tiltakslysta på topp her i solveigland! Været er strålande, humøret på topp og energien er på sitt beste!.. det er så herleg! :)
Etter X antall timar på IKEA (og mange kroner mindre på konto..) blei det mykje nytt til oss her i heimen. Så no har eg endeleg byrja på barnerommet/leikerommet oppe. Det har til no våre eit gjesterom (..eller roterom rettare sagt), men idag har eg fått tømt det og byrja å male! Veggane er lysegrønne og no held eg på å male ei bokhylle og ein kommode knall grøne.. og då meinar eg KNALL! Som dette.. Blir ikkje noko prinsesse rom på tuppa mi nei..
Skal få prøve å få tatt litt bilder underveis.. men det blir ikkje no.
Det er snart helg og... JIPPI! Frank skal jobbe her i helga med hagen og den felles leikeplassen her i gata. Satsar på godt vær, like stor arbeidslyst, så skal vi nok få gjort mykje denne helga.. :)
No skal eg slappe av litt før eg legg meg.
Ha ein fin kveld!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Sjølvsagt skal du få ei helsing :)
Eg er spent innom her kvar dag, men er dårleg på å kommentere...

"Håpet er lysegrønt",så det vert garantert eit flott rom !!!

Godt å lese om at du har tiltak-,og arbeidslyst :)
Det er det lite av med meg no. Trivast litt for godt i stolen ;)

Du er heldig som har fornya i heimen ! Eg vil også på Ikea...!!!

Anonym sa...

Man finner alltid mye fint på H&M:)
Så utrolig søtr dine to små var!

Anonym sa...

Kjekt å høre dokke kosa dokke i Bergen:)

Grønt barnerom also? D blir sikkert kjempestili:)

Solveig sa...

Du legg alltid så koselege helsingar igjen A-K! :) Tusen takk... :) Håpar vi får til å treffast ein kveld??.. ;)

Og berre for å avklare det så er veggane på rommet så lys grønne at dei er ganske lite spennande egentlig.. men møblane som eg malar er så KNALL at eg blir nesten litt svimmel.. :/ Fekk litt sjokk når eg fekk sjå det eg har mala i dagslys...!