torsdag 26. februar 2009

Ting ordnar seg

Har vore i tenkeboksa denne veka. Etter å ha sagt opp jobben har tankane mine svirra frå det eine til det andre. Og då meiner eg verkeleg svirra!! Har holdt alle muligheiter åpne! Skal eg prøve det.. eller det, eller kanskje satse på det?!... Vanskelig!!! Søknadsfristen til nytt barnehageår gjor meg faktisk ganske stressa! Syns ikkje det er så lenge sidan eg fekk vesle Hallvard bror, og snart er han barnehageunge?! Vesle gode babyen min.. Tida flyg i frå meg!..
Men no ser det ut som om ting ordnar seg!! Og det blir ikkje noko av det eg hadde tenkt.. Spent no?!
Ja.. det er eg og.. ;) Så trur eg skal halde litt på spenninga! I allefall for ei stund.. ;) Trur nok fleire blir overraska.. ;)
litt nytt her i frå solveigland... Eg har fått meg eit lite flaskelam! :) Ja, Hallvard har måtta gitt slepp på puppen! Det har gått over all forventning. Er blitt ein reser med flaska, får aldri nok! Også har han fått to nye tenner oppe! ..og med følger då litt nattevåk og skriking.. Men det verste er nok over no (håpar eg..).
Ja, og Adele har fått seg kjæraste(!!!!). Han heiter Filip og brukar å sove i gjestesenga på rommet hennar om natta.. Hehe.. Ta det med ro folkens!! Det er nok i hennar fantasi dette.. Ho er blitt ei lita skrøne-høne. Ei sikkeli skravlebøtte er ho for tida. Det er så artig! Kjem så mange gullkorn for tida, at eg kunne ha laga eigen blogg om det!
Ha ein fortsatt fin dag! :)
Klem

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kor flott at det ordnar seg for deg !!! :-)
Kva sa eg ???
Håpar at ting ordnar seg for meg også... Er rimelig fortvila no, for eg misser mykje av stillinga mi... Det hadde vore betre å verte oppsagt, får håpe at eg blir det snart...
MEN, vart litt lysare ei lita stund av å vere innom bloggen din :-)
Klem frå Ann Kristin

Ingrid sa...

Filip? Hihi... :) Ana ej en liten link til barnehagen her eller? :)

Ej e spent på ka du skal til med.... :)

Anonym sa...

Å nei.. Kor fe ej sove neste gong ej skal besøke dåkke??