tirsdag 3. februar 2009

Passa ungar

Ja, som om det var noko nytt? Er jo det eg gjer kvar dag her. Men idag og i morgon har eg to ekstra. Ei venninde av meg har fått seg jobb, men manglar barnehageplass, så eg skal hjelpe henne litt så ho får kabalen til å gå opp. Litt kjekkt å få prøvt seg syns eg. Idag var det berre eldste jenta hennar på 2 år som var her, så det var berre kos. Ho og Adele leika seg fint heile dagen.. :) Og eg fekk alle til å sove samtidig! :)
Ellers har eg litt blogg-sperre dagane... sikkert berre sunt!
Idag er den store TV-dagen. Har vore klistra til sjermen sida 8!! Starta med premiera på "Da damene dro". Så "Unge Mødre".. ett kvarters pause, "Frustrerte Fruer" og avsluttar med "Private Pracsis".. om eg klarar å halde meg våken så lenge då.. Tok forresten mykje fine bilder av ungane ute idag, men orkar ikkje gå ned å hente kameraet og legge inn bilda, så det får bli ein anna dag..
So long.. :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å sjå att det ikkje berre er ej som blir tv-slave på tysdagskveldane:)Klem frå Gunnhild:)