tirsdag 10. februar 2009

Oppdattering

Ny dag.. nye muligheiter.. Kanskje vi blir friske idag? Kanskje vi får sove i natt?.. Det er iallefall lov å drøyme...
I går trudde eg vi var over det verste. Ingen hadde spydd på nokre døgn, ingen hadde feber. Så vi pakka sekken og for ein tur inn på aksneset, for litt uteleik! :) Det var strålande vær!!! Fantastisk herlig.. :)


Adele fekk øvt litt på ski-ferdigheitene. Ikkje så enkelt å forstå dette her.. Hadde tatt med ski, men gløymt skisko, men ho fekk låne seg eit par. Stas! :)



Så var dei klar for tur (gjekk vel kanskje 50 meter, og var då storfornøgde med innsatsen). Her er det rett før Johannes sett opp turboen og skal vise oss korleis ein skøytar. Han har nemmelg sett sin far i aksjon, og ville villeg vise Adele korleis ho skulle gjer det. Skulle no hatt eit video-innslag no.. det var berre hysterisk artig stilen han hadde!


Onkel var og på besøk. Favoritt onkelen til ungane!!! Han er så snill og tolmodig med dei, så ikkje så rart.. :)

Hallvard har ikkje hatt det så godt siste døgna. Og spesielt plaga er han om natta. I frå eine øyra hans renn det ei blank/gulaktig-veske?! Fekk først høyre at han har hatt ein øyrebetendelse, men at den har løyst seg sjølv sidan det veskar.. men det har no komt veske frå øyra i 3 døgn. Så i skrivande stund sitt eg i telefonkø for å få ein legesjekk til han.. Sidan han ikkje var på topp, måtte han halde seg inne i går. Godt var det at mormor var der å passa på.. ;) (bilde tatt igjenom vindauget.. så litt uklart..)
Så igår når va var komt heim, lagt ungar og sa til meg sjølv at no må me være ferdige med alle desse omgangsjukene, høyrer eg (dei no velkjende) lydane frå rommet til Adele... Jada, ho spyr!!!!!! Runde 3 etter nyttår for stakkars vesle jenta mi... Så har hatt ei "innholdsrik" natt idag og... sove, kva er det??

Ettersom det har blitt mykje heimesitting på meg i det siste, prøvte eg meg på å lage litt kort her ein kveld.. Er så mange som er så flinke.. Men øvelse gjer meister?? Prøvte meg litt fram iallefall..
Sitt framleis i telefonkø(!!!!!!!!).. spent på kven som er på vakt idag..
Kjem oppdattering etterkvart sikkert..

3 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Huff...du sliter. Så trist dokke må ha så mykje sjukdom.
Nå må det bare snu!!
Flotte kort du har laga.
Kjekt å ha en snill onkel tenker eg :)
Har du fått utfordringa frå meg?
Ha en flott dag!!
Klem

Anonym sa...

Eg kjenner godt til dette med gjentekne runder med sjukdom... Bank i bordet,..vi har vore sparte for nesten alt i det siste !!!
Men har hatt nok av ungar med mykje sjukdom......
Det vert betre til eldre dei vert! Trøst deg med det :-)

Kjempekoselig blogg ,som eg no har lagt i lista over favorittar :-)
Du er flink !!!

Snoka meg fram til at du har sagt opp jobben din..
BRA !!!
Du er ei av dei som får til det du vil !!! :-)
Klem

Anonym sa...

Huff,lisje vennane!Håper dei snart sleppe meir no for ditta e no so trasigt!GOD BEDRING I HUSET:)!Klem frå Gunnhild:)!