torsdag 5. februar 2009

Ommøblering pågår...

Idag sette vi i gong.. Frank slutta tidleg på jobb, så vi skulle ha god tid til å omkalfatre i stova før ungane skulle i seng. Starta bra, men det viste seg at det skulle bli den store besøks-dagen idag! Hadde ikkje før dratt fram skap og støv velta fram før det ringte på døra. Og når den eine for kom den neste... å neste.. Siste mann for no i halv ti tida. Men men.. Vi hadde begynt så det var ikkje nokon veg tilbake.. Har vel flytta på kvar eit møbel i stova idag.. Godt med litt forandring!

Er ikkje heilt landa på korleis sofaen skal stå her i TV-kroken.. Fant ut at vi må "bu oss litt til".. Panel-veggen til høgre (ikkje så synleg på bildet) skal malast kvit ved første anledning! Og bilde og lampar er ikkje komt på plass der dei skal vær, men er vel på plass i løpet av helga. Vil ikkje stresse med det og lage unødvendig mange hål i veggen (meiner Frank iallefall.. IKKJE det kjekkaste han veit sånt arbeid nei..;) Men han har vore kjempe flink og hjelpt meg idag!!! :)


Spørs om eg må ha meg ei lita shopping-runde i morgon å sjå om eg fin litt fint nytt vårleg stæsj ja... :) Iallefall litt friske blomar! Velfortjent det syns eg.


Har endeleg leita fram den gamle symaskina som eg arva etter mormor mi.. :) Fin?? :) No trur eg at eg skal finne senga her.. Mykje eg skal fikse i morgon.
Må berre gratulere Hanne Marta med dagen idag før eg avsluttar!! :)


4 kommentarer:

Anonym sa...

Du, so fint de blei:)
Blir rart for ne Adele å stå opp i morga tenke ej..

Klem frå bursdagsbarnat som vente spent på post frå Volda ;)

Unknown sa...

Så utrolig fint du har det hjemme da! :D Det ble veldig bra, nå vet jo ikke jeg hvordan det så ut før, men ble uansett veldig koselig

Anna Lisa sa...

Du har kjempe fin og koselig stue:) Flinke dokke var som ommøblerte til seint på kveld. Men kjekt når resultatet er fint.

Ei slik symaskin har eg også, og nå har eg satt inn bilde av den i bloggen :)
Ønska deg ei riktig fin helg!! Kos deg saman med dine kjære.
Klem

Ingrid sa...

Kor fint det vart! Godt å ommøblere av og til :) Ej e litt kronisk på det, hehe, men teke det helst når han Are e på jobb ej da... ;)