mandag 23. februar 2009

Middagstips på ein mandag...

Tenkte eg skulle legge inn eit middagstips. Det er noko eg har laga nokon gongar, og har fått god respons for! Trur eg kallar det "full-fart-middag". For dette er ein middag som verken treng mykje tid eller er avansert!


Ein treng:
(kan egentlig ta det ein har liggande.. men her er det eg brukar iallefall..)
1pk kjøttdeig
Løk
Selleristenger
Paprika (eg brukar gul og orange.. syns dei er best på smak)
1 boks grovhakka tomat
1pk smørost naturell
Fløte
Kvitost
Krydder (salt, pepper, pizza- og paprika krydder)












Steik kjøttdeiga og grønsakene, ha så på boksa med tomater og godt med krydder!(ha på krydder etter kor sterkt ein likar å ha det.) Medan det står på svak varme, smelt så ein pakke med smørost, ha i fløte (kanskje 1 dl eller 2). Når det kokar ha så raspa ost i.
Ha så fyllet i ei ildfast form og tømm oste-sausen over. Gratiner i ovnen til oste-sausen byrjar å bli litt gyllen. Medan forma står i ovnen, kutt så opp ein grønn salat, kok evt pasta til å ha ved. Voila!!





Ferdig!!! Tek maks 30min frå ein byrjar å kutte grønnsakene til middagen er klar til servering.. :)


5 kommentarer:

Anonym sa...

Ditta såg hærlig godt ut;) Trur ej må prøve det ut til middag dinne veka;)!

Solveig sa...

Hm.. Det må du gjer?.. Men ken er du? hadde vår litt kjekt å vite.. ;)

Tove sa...

Hei Solveig!!! Tusen takk for fin kommentar på bloggen min! Du har faktisk vore innom meg før, det var slik eg oppdaga deg. Såg deg også i bryllaupet til Hege og Erik, eg var på galleriet og song i lag med koret. Den dagen var din kjære husbond på besøk heime i tunet vårt! Hege og Erik tok brudebileta sine opp med huset vårt! Det var vind, kaldt og gjørmete - modig gjeng! Men gutta boys smilte, Hege smilte og forlovarane hennar fraus... Men flotte bileter vart det!

Middagstipset ditt såg nydeleg ut! Ser på meg sjølv som ein habil hobbykokk, men har aldri tenkt på å smelte kremost som base for fløtesaus! Skal garantert prøvast - takk for tipset!

Ha ein strålande dag!

PS! Rulla meg litt nedover i bloggen din, lenge sidan eg var her sist. Må berre få skryte av lissjesnuppa di som nettopp var to år: for ei utruleg nydeleg frøken!!! Dååååån..... Forstår godt at du kosar deg ilag med gulla dine....

Kristine sa...

Det va ej som kommenterte heilt øverst her. Trudde ej va innlogga, men den gong ei;) Hehe

Anna Lisa sa...

mmmmmm....dette så virkelig godt ut:) Takk for tipset.
Er det bra med dokke? Sei ifrå når du tek imot besøk. Hadde vore kjekt med litt forandring i kvardagen :)
Ha en fin dag imorgå.
Leggetid for meg nå
Klem